UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgADet er ei ledig stilling som postdoktor ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er ei åremålsstilling på 3 år og er del av prosjektet “Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)”, finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC) gjennom ein Synergy Grant til Andrea Bender (UiB), Francesco d’Errico (CNRS Bordeaux), Russell Gray (MPI for Evolutionary Anthropology, Leipzig) og Rafael Núñez (UiB). Oppstart i stillinga er seinast 1. januar 2027.
QUANTA har som mål å rekonstruere opphavet og utviklinga av talsystem: når og kvifor dei vart oppfunne, og korleis og kvifor dei utvikla seg vidare og vart mangfaldige. Det seksårige prosjektet starta i september 2021 og er organisert ved tre institusjonar – UiB, CNRS Bordeaux og MPI EVA Leipzig – som samarbeider tett og har hyppig utveksling.
Postdoktorstillinga vil vere del av gruppa leia av professor Andrea Bender (UiB). Arbeidet vil i hovudsak bestå i å samle inn data om kroppsbundne talsystem i ein omfattande database, kode data for representasjonsanalysar og bruke desse til å teste hypotesar om utviklinga av kognitive verktøy for kvantifisering.
Meir informasjon om prosjektet finst på denne nettsida.
Personlege eigenskapar vil bli lagde vekt på, i tillegg til forskingserfaring, ambisjonar og potensial.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Dette regelverket vil bli nytta i handsaminga av søknadene. Dersom universitetet ikkje har fått vurdering frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.