Vi søkjer etter ein engasjert maskinsjef til fartøyet MF Lote, som trafikkerer sambandet Bognes - Skarberget.
Attraktiv turnus med mykje fri: 2 uker nattarbeid, 4 uker fri. Deretter 2 uker dagvakter, 2 uker fri. I Fjord1 får du også gode velferdsordningar og tilsettgoder.
Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, i eit team med trivelege og inkluderande kollegaer. Dette er ein jobb som let deg kombinere arbeid og fritid.
Det er mogleg å bu ombord i arbeidsperioden. Oppstart fortløpande.
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Bognes - Skarberget
8539
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5131579368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.