Vi har ledig flg. vikariat
Turnus: Døgnskift med 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av. Ein fleksibel og familievennleg turnus. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Frå 2027 kjem ei nyare ferge inn, og sambandet går over på elektrisk drift. Du får dermed moglegheita til å vere med på ein spennande overgangsfase.
Søkar bør bu innan ein time frå sambandet.
Aktuelle søkarar blir kontakta fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +4795700962, siv.furnes@fjord1.no
6777 Stad
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5150289929
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.