UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752).
Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med aktive grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid.
Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling.
Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing).
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.