Vil du vere med å skape gode måltidsopplevingar for bebuarane ved Solundheimen?
Vi har ledig helgestilling som kokk/kokekyndig frå 1. oktober 2026.
Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg, og det vil i tillegg vere moglegheit for ekstravakter ved behov.
Solundheimen er sjukeheimen i Solund kommune med 20 bebuarar.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt Rune Indrøy på telefon 994 81 371.
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fl este tenestepensjonar berreutbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du slutt ar å jobbe og livet ut.
Les meir om medlemsfordelane i KLP her.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema:
Søk herSolund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.
Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ