UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (50 %) i medisin ved Klinisk institutt 1 eller Klinisk institutt 2 (avhengig av søkjar sitt fagområde/ sin spesialitet). Den som vert tilsett, får rolla som lokal studieleiar for fleircampusmodellen for medisinstudiet (prosjekt Vestlandslegen) i Førde. Arbeidet finn stad ved Førde sentralsjukehus, og ein føresetnad for stillinga er fast tilsetjing som lege ved Helse Førde på tilsettingstidspunktet.
Bakgrunnen for utlysinga er fakultetet sitt prosjekt for å etablere ein regional studiemodell for legeutdanninga ved UiB, i samarbeid med dei lokale helseføretaka i Helse Vest. Det første kullet med 20 medisinstudentar tek til på Campus Førde hausten 2028.
bidra til undervisning og eksamensarbeid, samt rettleiing og sensur av hovudoppgåver.
Det vert óg venta at den som vert tilsett, i rimeleg grad skal oppretthalde eller ta initiativ til eiga forskingsverksemd i høve til stadium for eige forskarløp.
I arbeidet med å utvikle eit fleircampusbasert undervisningsmiljø må den som vert tilsett pårekna noko reising til andre campus.
UIB vil i dialog med lokalt føretak legge til rette for delt arbeidsforhold etter tilsetjing.
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, må vere lege (cand.med.) og ha spesialitet innanfor eitt av faga det skal undervisast i. Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt stort engasjement og interesse for undervisning. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. Søkjar må fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan 2 år frå tilsetjing. UiB vil gje tilbod om opplæring i medisinsk pedagogikk dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
Kvalifiserte søkjarar må vere lege (cand.med.) og ha spesialitet innanfor eitt av faga det skal undervisast i eller dokumentert fullført teneste (dersom ein ikkje er ferdig spesialist). Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt stort engasjement og interesse for undervisning. UiB vil gje tilbod om opplæring i medisinsk pedagogikk dersom formell kompetanse ikkje ligg føre på søknadstidspunktet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. Det blir kravd gjennomført innføringskurs i universitetspedagogikk, med eit samla omfang på 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring.
Løn er for tida kr 800 000 – 820 000 (kode 1011), eller løn for
spesialist kr 820 000 – 850 000. Løn er brutto
pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg
kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Løn er for tida kr 655 000 – 705 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei
fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere
høgare løn
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg tilprosjektleiar for Vestlandslegen professor Gottfried Greve, gottfried.greve@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.