UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgADet er ledig ei mellombels stilling som forskar ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er for ein avgrensa periode på 12 månader frå 01.01.2027 til 31.12.2027, og er ein del av prosjektet «Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)», finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC) gjennom eit Synergy Grant til Andrea Bender (UiB), Francesco d’Errico (CNRS Bordeaux), Russell Gray (MPI for Evolutionary Anthropology, Leipzig) og Rafael Núñez (UiB).
Arbeidsstad for stillinga er Bergen.
Meir informasjon om prosjektet er tilgjengeleg på denne nettsida.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje i vurderinga av kandidatane.
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli nytta i behandlinga av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurdering frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.