Er du interessert i menneske, logistikk og teknologi?
Då kan du vere den rette til å leie produksjonseininga vår i Hospitaldrift Tekstilforsyning. Vaskeriet vårt søkjer ein ny seksjonsleiar. Her vil du møte engasjerte medarbeidarar og få ein aktiv og variert arbeidskvardag.
I tillegg til leiar- og driftsansvar for vaskeriet vil du arbeide med prosjekt innan tekstilforsyning til sjukehuset, prosjektstyring internt i vaskeriet og samarbeid med andre einingar i Hospitaldrift. Tekstilforsyning er éi av sju einingar i Hospitaldrift, som igjen er ei viktig avdeling i Drift/teknisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Divisjonen omfattar sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar.
Hospitaldrift Tekstilforsyning har som hovudoppgåve å levere ei berekraftig teneste og er hovudleverandør av tekstilar til sjukehusdrifta i Helse Bergen. Som seksjonsleiar får du gode moglegheiter til å utvikle seksjonen, medarbeidarane dine og deg sjølv. Ditt bidrag kan gjere kvardagen enklare for pasientar og tilsette ved sjukehuset.
Du vil ha ei sentral rolle i arbeidet med forbetringsprosessar og logistikk i eiga eining, i samarbeid med brukarane og kundane våre, samt med andre avdelingar ved sjukehuset.
Vi søkjer ein leiar som ser den enkelte medarbeidaren, bidrar til eit positivt og berekraftig arbeidsmiljø, og som kan vidareutvikle og forbetre prosessane og samarbeidsevna vår. Du vil få med deg dyktige medarbeidarar og nøkkelpersonar i drifta. Som seksjonsleiar inngår du i leiargruppa for eininga.
Som seksjonsleiar vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta og den vidare utviklinga av seksjonen. Du vil mellom anna:
Dette er ei stilling for deg som trivst med å kombinere menneskeleg leiing, operativ drift og strategisk utviklingsarbeid. Som seksjonsleiar får du høve til å påverke både tenestene vi leverer og arbeidskvardagen til medarbeidarane dine.
Hos oss får du leie ein viktig seksjon med eit samfunnskritisk oppdrag. Tekstilforsyning er ein sentral støttefunksjon som er avgjerande for smittevern, pasienttryggleik og effektiv sjukehusdrift.
Som seksjonsleiar får du høve til å påverke utviklinga av ei viktig teneste for sjukehuset, samtidig som du bidreg til gode og trygge pasientforløp kvar dag.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kjersti Helen Røli Hope, Einingsleiar, 55974890
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5154936847
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.