Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Øygarden kommune har også behov for private avlastare som kan bidra med å gi familiar eit pusterom i kvardagen.
Er du ein person som trivast i samspel med andre og ønskjer å utgjere ein skilnad for nokon? Send gjerne ein søknad eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.
Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke. Avlastning varierer ut i frå omfang og behov, avlastning kan innebere nokre døgn i månaden eller på timebasis.
Eg er ei glad, grei og sosial kvinne på 31 år som ønskjer fritidskontakt. Eg bur sentralt på Straume på Sotra.
Då eg nyttar rullestol og har utviklingshemming, har eg behov for en person å være saman med på fritida nokre timar i veka og som kan følgje meg for å gjere ting eg likar.
Noko av det eg likar å gjere saman med fritidskontakt er å få følgje til "klubben", gå ein tur saman med, eller ta ein tur til byen og gjerne gå på kafé. Tur til Fløyen er kjempekjekt og eg er også opptatt av dyr. Eg har eigen bil.
Eg har verbalt språk, men bruker også litt 'teikn til tale' og bilete for å gjere meg forstått. Eg forstår det meste som blir sagt til meg.
Eg har dessverre ikkje hatt fritidskontakt den siste tida og det har eg savnet veldig. Eg håper å få ein ny fritidskontakt og det gleder eg meg til.
Eg er ei jente/kvinne på 28 år med moderat psykisk utviklingshemming som søkjar ein fritidskontakt. Eg treng hjelp til sosial aktivitet og utføre fritidsaktivitetar som eg likar.
Eg er svært sosial og blid, og trivast med aktivitetar ute og inne. Eg bur sentralt på Straume. Eg likar å gå tur, gå på kafe, bowle eller ta ein busstur til byen. I vekedagar går eg på nokre faste aktivitetar saman med andre, dette treng eg følgje til. Dette brukar å vere ein kveld i veka og aktiviteten tar om lag 2-3 timar. Elles likar eg å vere saman med dyr i alle størrelsar, og er vant til å omgåst hestar og hundar.
Eg treng ein pålitelig og forutsigbar kvinne/jente som kan være med meg på aktivitetar. Du liker å vere aktiv og engasjert. Erfaring med utviklingshemming er ein fordel, men ikkje eit krav. Viss du har førarkort og bil er dette ein fordel.
Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla inn til ein samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt kontaktar vi deg når kommunen har eit oppdrag som passer.
Camilla Pedersen Camilla.Pedersen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herØygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.