🧪 Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi?
På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø. Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. 🤝
🔬 Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Området er i stadig utvikling, og nye analysar blir jamleg implementerte.
🏥 Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling. Stillinga er ei dagtidsstilling med 37,5t/uke og arbeid ca. kvar fjerde lørdag.
📞 Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat! 😊
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5151580703
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.