Vil du jobbe med moderne laboratoriedrift og bidra til rask og presis diagnostikk for pasientane våre?
Vi har ledig ei spennande stilling som fagingeniør ved patologilaboratoriet vårt i avdeling for laboratoriemedisin.
Her får du jobbe i eit moderne fagmiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka.
På avdelinga har vi teke i bruk ny og avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig i utvikling. Vi arbeider med diagnostikk av sjukdomar gjennom undersøking av vev- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår, og arbeidet er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose.
Som fagingeniør hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk og persontilpassa behandling til kreftpasientar.
No leitar vi etter ein engasjert fagingeniør til ei fast heiltidsstilling. Dette er ei dagstilling med varierte arbeidsdagar. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring.
Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Dersom dette er av interesse, ber vi deg skrive det i søknaden. Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne søkjarar velkomne til å søkje.
Oppstart er etter avtale. Velkomen til å søkje hos oss!
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Håvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5152531047
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.