Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Kristiansund politistasjon? Vi har for tida ledig tre faste stillingar:
Det er moglegheit for eit breitt og variert oppgåvesett i stillingane. I periodar må ein pårekne å bidra innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. For deg som ønskjer det, vil du i alle stillingane få delta i støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg og inngå i den operative beredskapen.
I tillegg til å få ei variert og utviklande stilling, byr Kristiansund og Nordmøre på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her er eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet. Du trivst med ein variert arbeidskvardag, med å identifisere nødvendige gjeremål og å få desse gjennomført åleine eller i lag med andre.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
Ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. For avgangsstudentar 2026 må vitnemål ettersendast før tiltreding.
Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.