Er du ein dyktig jurist med interesse for forvaltningsrett, politiske prosessar, kunst og kultur? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig eit eittårig vikariat som førstekonsulent/rådgjevar i avdeling for kulturvern i seksjon KV1. Stillinga inngår i eit team med juristar som jobbar innanfor avdelinga sine ansvarsområde. Avdelinga har mellom anna ansvar for fagfelta litteratur, språk, museum, visuell kunst og ulovleg handel med kulturgjenstandar.
Stillinga omfattar eit breitt spekter av juridiske oppgåver med stort rom for fagleg og personleg utvikling. Du vil inngå som del av eit stimulerande og tverrfagleg miljø som består av engasjerte og kompetente juristar, økonomar, samfunnsvitarar og humanistar. KUD er eit relativt lite departement, men sakene våre får ofte mykje offentleg merksemd. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk.
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det vil vere ein fordel om du har kjennskap til og erfaring med juridisk oppgåveløysing innanfor offentleg forvaltning.
interessert i og forstår forholdet mellom politikk og forvaltning
Vi vil leggje vekt på motivasjon og personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi har flytta inn i det nye Regjeringskvartalet og har flotte, lyse og moderne lokale.
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Eskil Havgar på telefon +47 47 26 23 38.
Kulturvernavdelinga er sett saman av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, inn- og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta.
Avdelinga har ansvar for forvaltninga av Språkrådet, Nasjonalarkivet, Nasjonalbiblioteket, Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek, KORO (Kunst i offentlege rom) og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje. Lover under avdelinga sitt ansvarsområde er arkivlova, språklova, boklova, lov om pliktavlevering, stadnamnlova, lov om bibliotekvederlag, lov om folkebibliotek, lov om kunstavgift, kulturminnelova §23, lov om gravferd § 23a, samt div. forskrifter.
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.