Vi søkjer deg som er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert, og som ønskjer ei sentral rolle i utviklinga av eit viktig behandlingstilbod for pasientar med kroniske smertetilstandar.
Smerteklinikken i Ålesund tek imot smertepasientar frå heile Møre og Romsdal til tverrfaglege vurderingar, individuelle konsultasjonar og samtalar med lege, psykolog, fysioterapeut eller smertesjukepleiar. Behandlinga blir starta hos oss, før behandlingsansvaret blir overført til primærhelsetenesta.
Dette er ei nyoppretta stilling, og du vil difor få vere med på å forme rolla i samband med innføringa av eit nytt nasjonalt pasientforløp. Som pasientkoordinator vil du ha ei nøkkelrolle i planlegging og koordinering av pasientforløp ved smerteklinikken, og du blir ein del av vårt tverrfaglege team. Teamet arbeider med heilskapleg utgreiing og behandling av pasientar med kroniske smertetilstandar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kristen Rasmussen, Seksjonsleiar, +47 48 00 49 11, Kristen.Rasmussen@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5157321074
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.08.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.