Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune.
Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg.
Vi treng vernepleiar til heime tenestene i Røldal. Det er ca 20 årsverk i tenesta.
Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom/brukarar , 10 omsorgsbustader, 2 brukarar med fysisk funksjonsnedsettelse og heimebuande.
Vi ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta vi gjev. Samstundes ønskjer vi at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende.
Vi er her til det beste for brukarane våre.
Vi har ledig ei spennande og variert 100% stilling som vernepleiar ved Røldal pleie og omsorg
Stillingstype: 100% fast stilling
Stad: Røldal pleie og omsorg heimebaserte tenester
Heimebaserte tenester er i stadig utvikling og vi søkjer no etter ein engasjert,motivert og fagleg interessert vernepleiar til vår teneste. Du vil ha ei sentral rolle i det faglege arbeidet, sikra god kvalitet og vere ein god støttespelar for kollegaene dine.
Som vernepleiar har du ei viktig rolle i å sikre god fagleg kvalitet, og bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet vårt. Du vil samarbeide med andre sjukepleiarar,helsefagarbeidarar,andre faggrupper og leiinga .Du vil og være ein sentral ressurs i det tverrfaglege arbeidet.
Du vil også jobbe klinisk i heimetenesta og bidra til god pasientoppfølging
Stillinga er i turnus 35.5 t/v
observere brukarane sin tilstand, vurdere tiltak,prioritere,iverksette og evaluere
kvalitetssikre og endre sjukepleietiltak
fagleg rettleiing av anna helsepersonell
bidra til utvikling og implementering av faglege rutinar og prosedyrer
samhandling med pårørande og andre samarbeidspartnarar
deltaking i tverrfaglege møte og fagutvikling
bidra til opplæring av nytilsette ,lærlingar og studentar/elevar
bruk av Aidn - dokumentasjonssystem
autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
erfaring frå heimebaserte tenester er ein fordel
vidareutdanning i geriatri, palliasjon og anna relevant fagområde
digitale ferdigheiter
gode norskkunnskaper,både munnleg og skriftleg
førarkort klasse B
fagleg trygg og engasjert
evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig
gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
strukturert og løysingsorientert
evne til å inspirere og motivere andre
likar å jobba i eit til tider hektisk og variert arbeidsmiljø
ei meiningsfull stilling der du får vere med å utvikle framtidas helsetenester
eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
mogelegheit for fagleg utvikling
god pensjonsordning gjennom KLP
løn etter gjeldande tariffavtale
årsturnus
tariffløn med tillegg kr 25 000 pr år behalde/rekrutteringstillegg
Tilskudd på kr 50 000 etter første år og nye kr 50 000 etter 2.året
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:
Søk her- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49