Rus- og avhegigheitsklinikken (RAK) i Helse Bergen HF søker nattevakt. Vi held til i flotte lokale i Håkonsgaten 1 - midt i Bergen sentrum.
På Engenhuset er vi eit stort fagmiljø beståande av korttidspostane, Heroinassistert behandling, Poliklinikk, KORUS, forsking, ambulant og URO.
Vi gir tilbod om rusbehandling til 24 pasientar fordelt på 2 postar. Vi tilbyr kjønnsdelt behandling, derav ein post er for kvinner og ein post er for menn. På korttidspostane jobbar vi hovudsakleg med medisinsk avrusing men har stort fokus på å utøve god miljøterapi. Vi har også eigen treningsterapeut og musikkterapeut.
Hos oss jobbar vi tverrfagleg og det er tilsett sjukepleiarar, vernepleiarar, legar, overlegar, psykolog, musikkterapeut, sosionom, erfaringskonsulentar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Er du ein trygg og engasjert sjukepleiar eller vernepleiar som trivst med å jobbe sjølvstendig – og som liker roen (og utfordringane!) nattarbeid bringar? Då kan dette vere stillingar for deg. Korttidspost Engenhuset i Helse Bergen søker fagleg engasjert og trygg sjukepleiar eller vernepleiar til ei 80% stilling på natt. Med arbeid hver 3 helg i langvaktsturnus
Ønskeleg med snarleg oppstart og kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.
På Korttidspost Engenhuset møter du pasientar med ulike problemstillingar. Vi tilbyr eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med kollegaer som støtter kvarandre, deler kunnskap – og som har både humor og hjarte på rett plass.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anne-Britt Sunde, Seksjonsleiar, 40063110
Håkonsgaten 1
5015 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5161448488
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.