I Vest politidistrikt, GDE Bergen, Askøy og Øygarden (GDE-BAØ), Bergen Vest politistasjonsdistrikt er det ledig eit vikariat som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som OVA-kontakt fra tiltreding og fram til 01.08.2027.
GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt. Bergen Vest politistasjonsdistrikt består av Avsnitt for politipatrulje, Avsnitt for etterforsking, førebyggarar og sivile medarbeidarar. I tillegg har politistasjonsdistriktet ansvar for etterretning og risikovurdering knytt til partnarvald, kor stillinga som OVA-kontakt er plassert.
Som OVA-kontakt vil hovudoppgåva di vere å vurdere, gjennomføre og følgje opp bruk av omvend valdsalarm (OVA) i straffesaker innanfor GDE Bergen, Askøy og Øygarden. Avsnittet for etterretning og førebygging har ansvar for risikovurdering av vald i nære relasjonar, og me kan derfor tilby deg eit sterkt fagmiljø og kollegaer med stor engasjement og fagkompetanse. I tillegg til å vere ein del av eige avsnitt, vil du bli inkludert i OVA-fagmiljøet i Vest politidistrikt.
Stillinga er ei dagstilling, med arbeidstid mellom 07:30-15:00. Noko reisevirksomhet må påreknast.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Me søkjer ein engasjert medarbeidar til stilling som politiførstebejtent med funksjon som OVA-kontakt. Stillinga har einingsansvar for oppfølging og forvaltning av omvende valdsalarmar (OVA) for heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden.
Me ser etter ein strukturert og initiativrik medarbeidar som ønskjer å vera med på å utvikla ei spanande og viktig stilling i politiet. Dette er også ei stilling som har høg prioritet både hos politidistriktet og riksadvokaten.
Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Ansvarleg for vurdering, førebuing, iverksetjing og oppfølging av OVA (omvend valdsalarm) i alle aktuelle saker i GDE Bergen, Askøy og Øygarden, under dette mellom anna:
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr hovedtariffavtalane i staten.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.