I Vest politidistrikt, ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tenesteeining Bergen sentrum, Seksjon for etterforsking av vald- og sedskapslovbrot, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (PEL) på sedskapsavsnittet.
Seksjonen består av valdtektsavsnittet (seksuelle overgrep mot vaksne) og sedskapsavsnittet (seksuelle overgrep mot barn). Kvart avsnitt er organisert i fleire team med om lag fem etterforskarar, leia av ein teamleiar. I tillegg har vi to dedikerte DPA-fagkontaktar og ein sivil medarbeidar som skriv avhøyr.
Vi arbeider i team saman med faste påtalejuristar. Saman set vi saman puslespelbrikkene som dannar det store biletet i komplekse straffesaker. Med stort fokus på HMS og eit ungt, men fagleg sterkt arbeidsmiljø samarbeider vi om å etterforske nokre av dei mest alvorlege straffesakene i politidistriktet.
Hos oss får du ein givande, variert og utfordrande arbeidskvardag. Arbeidet omfattar mellom anna aksjonar med pågripingar og ransakingar, krevjande og spennande avhøyr av både vaksne og barn, gjennomgang av elektroniske beslag og arbeid med biologiske spor. Vi samarbeider tett med andre fagmiljø, mellom anna innan analyse, kriminalteknikk og digitalt politiarbeid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, kompetanse og ulike perspektiv. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte medarbeidarar som ønskjer å arbeide med og møte utfordringar knytte til etterforsking av seksuallovbrot. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og er gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og til å byggje tillit hos publikum er avgjerande for å lukkast i organisasjonen vår.
Du må ha god gjennomføringsevne og kunne handtere krevjande og hektiske arbeidssituasjonar med høgt arbeidspress.
I vurderinga av kandidatane vil vi mellom anna leggje vekt på desse eigenskapane, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kvalifikasjonskravet fråvikast.
Det er også ønskjeleg med:
god verksemdsutvikling
og overordna avgjerder
samfunnsoppdraget til politiet
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til etterforskning av sedelighetsovertredelser. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
(sjå https://www.spk.no/ for meir info)
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.