UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgATjenestesenter for lønn, reise og fravær søkjer ein engasjert seniorkonsulent/rådgjevar til faggruppa for reise, stipend og honorar i 100 prosent stilling. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, løysingsorientert og oppteken av å levere tenester av høg kvalitet. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som arbeider med lønn, reiser, refusjonar og honorar for eitt av landets største universitet. Du får høve til å bidra til vidareutviklinga av gode administrative tenester for framtida.
Tjenestesenteret leverer spesialiserte og heilskaplege tenester innan lønn, reiser, fravær og personaladministrasjon til tilsette, studentar og eksterne oppdragstakarar ved Universitetet i Bergen. Tjenestesenteret er ein del av Økonomiavdelinga, som har ansvar for å utforme UiBs økonomiske retningslinjer og sikre god økonomiforvaltning. Avdelinga har ca. 85 medarbeidarar og arbeider med budsjett, innkjøp, lønn, rekneskap, prosjektøkonomi, kvalitetssikring og utvikling av administrative system.
Personlege eigenskapar:
Nyutdanna er velkomne til å søkje.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef Tone Elin Skaugvold, tlf. 92 49 48 41, e-post: tone.skaugvold@uib.no eller faggruppeleiar Laura Bangu tlf. 55 58 33 62, e-post: laura.bangu@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.