Vil du jobbe i politiet med eit viktig og prioritert fagområde innan sikkerheit?
Som informasjonssikkerheitsleiar i Stab for verksemdstyring vil du saman med sikkerheitsleiar ha ei sentral rolle i politidistriktet sin sikkerheitsorganisasjon. Du skal bidra til å styrke det interne sikkerheitsarbeidet og verne verksemda mot utilsikta og tilsikta uønska hendingar. Arbeidet krev ei systematisk tilnærming for at verdiane våre skal beskyttast på ein formålstenleg måte. I rolla får du utvikle og følgje opp styringssystemet for informasjonssikkerheit, og bidra til at sikkerheitsarbeidet er godt forankra i organisasjonen. Stillinga er sentral i arbeidet med å sikre at informasjon blir handtert i tråd med krav til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit.
Du vil samarbeide tett med fagmiljø innan sikkerheit, personvern og dokumentasjonsforvaltning, og bidra til å gi politimeisteren eit heilskapleg bilete av sårbarheiter i politidistriktet og tiltak. Funksjonen inneber også samarbeid med relevante fagmiljø i politidistriktet og nasjonalt.
I funksjon som IKT-rådgjevar skal du foreslå kva tiltak som bør prioriterast og bidra til politidistriktet si forståing av kva for føringar og krav som gjeld på IKT-området, og dei praktiske konsekvensane av desse. Arbeidet inneber tett samarbeid med fagmiljøa i politidistriktet og relevante nasjonale IT-miljø. Du vil arbeide med rådgjeving innan IT, planleggje og gjennomføre prosjekt, samt vidareutvikle eksisterande løysningar i tråd med lokale behov. Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med innføring og vidare bruk av Microsoft 365 i politidistriktet.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ser etter deg som har god fagleg forståing for informasjonssikkerheit og evner å omsetje krav, regelverk og føringar til praktiske og gjennomførbare løysingar i organisasjonen. Du kan arbeide sjølvstendig, tar ansvar for eigne oppgåver og bidreg aktivt til å utvikle fagområdet. For å løyse oppgåvene i denne rolla er det også viktig at du trivast med å jobbe utadretta, og at du bygger tillit og relasjonar på tvers av fagmiljø og organisasjonsnivå.
Du trivast med ein variert arbeidskvardag, kor du vekslar mellom operative oppgåver og langsiktig, systematisk arbeid. Rolla krev at du kan sjå heilskap og samanhengar, og at du bidreg til at informasjonssikkerheit blir en integrert del av verksemda.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du ha relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum fem års relevant erfaring. I denne vurderinga kan relevant erfaring kompensere for kravet til mastergrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Det er også ønskjeleg med
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Møre og Romsdal politidistrikt femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Stab for verksemdstyring (SVS) skal hjelpe politimeisteren i gjennomføringa av sentrale verksemdstyringsprosessar i politidistriktet, og mellom anna kontrollere at driftseiningane utfører oppgåvene sine i samsvar med gitte mål, føringar og gjeldande lov og regelverk.
SVS har 13 medarbeidarar som jobbar i ei breitt samansett oppgåveportefølje. Eininga har fagansvar og oppgåver innanfor område som økonomi, eigedom, anskaffing, materiell, personvern, sikkerheit, strategisk rådgiving, IKT-rådgjeving, dokumentasjonsforvaltning og arkiv.