Vil du ha ein meiningsfull jobb med varierte dagar fokus på fagleg utvikling? Vi har no ledig stilling som fagleg veileder!
Tilrettelagte tenester søkjer deg som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell. Vi yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar, og arbeidshverdagen er både variert og utviklande. Oppgåvene spenner frå bistand i dagleglivet til rettleiing i skule, barnehage og heimar, samt avlastning for barn og ungdom.
Hos oss er du med på ei spennande utvikling! Vi er aktive deltakarar i innovasjonsprosjektet TØRN, eit læringsnettverk retta mot denne typen tenester. Det betyr at du kjem inn i ei framtidsretta og utviklingsorientert teneste, der vi jobbar målretta for å skape best mogleg kvalitet – både for tenestemottakarar og tilsette.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg nysgjerrig og ønskjer å bidra aktivt i utvikling av både fag og arbeidsplass. Hos oss får du gode moglegheiter til påverknad, fagleg vekst og samarbeid med dyktige kollegaer i eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjement for brukergruppa i tenesten. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere fag og utviklingsarbeid.
Vi er organisert med to faglege rettleiarar med kvar sine ansvarsområde: bustad i tilknyting til Brennebakkin og barn/ungdom. Veiledarane inngår i leiargruppa til avdelingsleiar og har eit overordna fagleg ansvar for organisering av tenestene, fagleg oppfølging, fagleg veiledning av tilsette, samt deltaking i ordinære driftsoppgåver. Fagadministrativ tid er implementert i turnusen.
Nysgjerrig på å arbeide hos oss? Vi har og ledig vikariat som vernepleier i 100% stilling, med oppstart snarleg og varigheit til november 2027. Vikariatet kan bli forlengja, og det er moglegheit for fast tilsetjing.
Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5136824698
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 05.07.2026
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.