UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for økonomi er det ledig ei stilling som postdoktor innan samfunnsøkonomi. Stillinga er for ein periode på fire år, der 25 prosent av stillinga er karrierefremmande arbeid ved instituttet. Stillinga er knytt til instituttet si ordinære forskings- og undervisningsverksemd.
Institutt for økonomi er eitt av sju institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Instituttet tilbyr bachelor-, master- og ph.d.-utdanning i samfunnsøkonomi. Forsking og undervisning ved instituttet dekkjer eit breitt spekter av samfunnsøkonomiske fagområde. Søkjarar bør gjere seg kjende med instituttet sin forskings- og undervisningsprofil.
Den som blir tilsett, er venta å styrkje instituttet sin eksisterande forskings- og utdanningsprofil.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:
Normal undervisningsbelastning er om lag eitt emne per år.
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider (ekskludert litteraturliste) skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 21.08.2026.
Søknader sendt på e-post eller utan etterspurd dokumentasjon vil ikkje bli vurderte.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Julian Vedeler Johnsen, instituttleiar, julian.johnsen@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.